Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hawaii

  • Og no over til Bergen, ein by det kan vere litt vanskeleg å hugse at eksisterer i røynda. Bergensavisen, eller BA mellom vener, har gjennomført ein stor test av byens pizzasjapper. Dei konkluderer med at San Marino Pizza på Landåstorget er heilt i botnsjiktet og deler ut ein hard dom: terningkast to. Slikt passerer ikkje umerkt forbi Martin Årseth, journalist, stril og ven av denne spalta, og vi innrømmer glatt at det er frå han vi har fanga opp denne saka. For kva gjer BA når dei er ferdige med å slakte San Marino? Jo, dei tek kontakt med Erna Solberg, statsminister i dobbeltmonarkiet Bergen-Noreg. «Smaken er som baken, den er delt. Og jeg liker pizzaen til Ibrahim!», svarer Solberg på e-post. Ho stakk nemleg innom San Marino og eigaren Ibrahim Nilsen i februar i år. Samrøret blir komplett når vi i saka får vite at Nilsen svarer på støtteerklæringa med å kalle opp ein pizza etter Erna Solberg i 2018.