Tirsdag 23. juli 2013
Såg historia nedanfrå
Historikaren og polemikaren Kåre Lunden (83) var til det siste aktiv deltakar i debatten kring 1814-jubileet og makttilhøvet mellom folket og eliten. Sist torsdag døydde han.

Kåre Lunden døde 18. juli, 83 år gamal. I tillegg til å vera professor i historie, med mellomalderen som spesialfelt, var Lunden også utdanna frå Landbrukshøgskolen på Ås (NLH), noko som hadde stor innverknad på historikargjerninga hans. Sjølv verdsette Lunden nettopp arbeidet med eldre norsk landbrukshistorie, frå 1350 til 1814, høgst av si eiga forsking.


Kullkamerat frå NLH og seinare professor i sosiolog, Ottar Brox, legg vekt på Lundens skarpe auge for å sjå samanhengane mellom norsk kvardagsliv og det som vart sagt og gjort i «maktas korridorar». Brox kallar venen for «den norske småbondens historikar».


EU-motstandaren


- Lundens kontroversielle innsats som kompetent nei-aktivist i EU-debatten er for meg like viktig, seier Brox til Klassekampen.


Lunden var blant dei mest aktive skribentane under EU-kampen fram mot folkerøystinga i 1994.


- Til det siste let Kåre korkje alder eller Parkinsons sjukdom leggja ein dempar på innsatsen som folkeopplyser og debattant.


For Brox er Kåre Lundens bortgang også eit personleg tap.


- Dødsfallet sette punktum for eit venskap og ein politisk samtale som varte i 59 år, seier Brox.


Grunnlovsdebatt


Det siste året har Kåre Lunden vore særleg engasjert i debatten kring 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014 og ein planlagd statue av prins Christian Fredrik i Oslo. Debatten har drege opp ei gamal konfliktline, som har engasjert Lunden i fleire rundar og som er godt kjent av Narve Fulsås, professor i historie ved Universitetet i Tromsø og 1800-talsekspert.


- 1800-talet var ikkje Lundens primærfelt som historikar, men han var oppteken av 1814 og særleg dei indre, norske føresetnadene for Grunnlova og lausrivinga frå Danmark. Han opponerte mot synet på at Noreg skal ha fått «friheten i gave», som Jens Arup Seip formulerte det.


Lunden utdjupa sitt syn i boka «Norsk grålysing».


- Lunden gjekk hardt ut mot dei eldre kollegaene Seip og Knut Mykland, noko som kunne vera litt vanskeleg å forstå i lys av at dei alle tre delte synet på EEC/EF/EU. Men Lunden meinte at kva for ein analyse ein hadde av 1814, var viktig for synet på Noregs forhold til Europa seinare.


Også Fulsås minner om at Lunden var heilt uredd for å konfrontera folk om han var fagleg usamd med dei. Han var teoretisk orientert og oppteken av store spørsmål.


- I debattar tok han ingen omsyn. Han kunne kritisera på eit vis som nok også kunne vera sårande, men han fekk i alle fall tydeleg fram faglege kontroversar.


Folk eller elite?


Den siste til å oppleva Lunden som lite ettergjevande meiningsmotstandar, var den yngre danske historikaren Rasmus Genthøj. Han har ytt fleire bidrag til forskinga kring 1814 i samband med grunnlovsjubileet til neste år - og på våren og forsommaren i år var han i eit forrykande ordskifte med Lunden på debattsidene i Klassekampen.


- Han var ein «hård hund» å debattere med, men mine norske kollegaer sa også at ein ikkje kunne rekna seg for verkeleg historikar før ein har vore i debatt med Kåre Lunden. Det fortel noko om posisjonen hans. Han var intellektuell og skarp, men også polemisk.


Glenthøj og Lunden barka saman i ein debatt om drivkreftene bak 1814. Lunden forsvarte sitt gamle synspunkt om ein norsk identitet, som noko som fanst og vaks fram i allmugen. Og at denne sjølvstendetrongen var basisen for lausrivinga frå Danmark. Glentøj, på si side, hevda med ettertrykk at dei avgjerande partane i 1814 var Christian Frederik, Carl Johan og ein liten elite av norske embets- og kjøpmenn.


Klår i tanke og tale


Kåre Lundens engasjement i EU-saka og norsk europapolitikk har også leidd til fleire politiske, men fagleg grunngjevne artiklar om forholdet mellom Grunnlova og internasjonal lov. Ein del av dei har stått på trykk i Klassekampen.


Narve Fulsås held også fram analytikaren og språkmannen Kåre Lunden:


- Eg har eit personleg minne frå Høgskolen i Volda frå nokre år tilbake, der Lunden snakka om nyare kulturhistorie, eit felt der mange blir vage. Men Lunden var imponerande og klår, alltid teoretisk presis og poengtert i eit likevel lettfatteleg språk.


- Lunden skal elles ha for at han var ein svært dyktig skribent. Han skreiv eit storarta nynorsk og forvalta den arven godt. Han var totalt ujålete, og han hadde sans for å avsløra språkleg jåleri hos andre.


- Fagleg har han elles stor ære for å ha innført antropologiske perspektiv i eldre historie. Her var han ein pioner som medverka til å fornya og revitalisera studiet av eldre samfunn, legg Fulsås til.


Lunden skreiv bandet om mellomaldaren i Cappelens Norgeshistorie.


For varsame


Klassekampen intervjua Kåre Lunden til 80-årsdagen den 8. april i 2010. Då var bodskapen frå emeritusen til unge norske akademikarar, at dei burde vera dristigare at den harde akademiske konkurransen har gjort forskarar meir tannlause.


«Det er ikkje mogleg å vera nøytral når det gjeld kva for problemstillingar ein vel for forskinga» og «den politiske korrektheita i akademia har vore ei ulempe for venstresida», sa Lunden då.

Artikkelen er oppdatert: 31. oktober 2013 kl. 16.31
Lørdag 8. desember 2018
Tilhengerne kaller det en revolusjon. Eks-statsråd Gudmund Hernes kaller det tøv. Hva handler moteordet «dybdelæring» om – dypest sett?
Fredag 7. desember 2018
TV 2 har innført ny instruks for omtale av selvmord. – Vi i mediene har medvirket til å skape tabuet rundt selvmord, sier nyhetsredaktør.
Torsdag 6. desember 2018
Regjeringens ønske om å lage stadig større museumsenheter kan svekke det lokale engasjementet ved småmuseene. Det frykter styreleder ved veterantoget Tertitten i Sørumsand.
Onsdag 5. desember 2018
Mannlige kunstnere står for hele 94 prosent av salgsinntektene i det norske andrehåndsmarkedet. Kunstner Lotte Konow Lund mener Nasjonalmuseet må ta sin del av ansvaret.
Tirsdag 4. desember 2018
Forrige runde med sammenslå­inger førte til opprør i Museums-­Norge. Nå varsler kulturminister Trine Skei Grande (V) en ny reform, hvor antallet museer skal ned fra 60 til 25–30.
Mandag 3. desember 2018
For to uker siden fikk de ansatte i Morgenbladet beskjed om at redaksjonssjefen slutter på dagen. I et brev til styret uttrykker klubben dyp bekymring for avisas framtid.
Lørdag 1. desember 2018
Demian Vitanzas bok om en fremmed­kriger skulle kanskje ikke vært gitt ut som en roman, mener Ane Farsethås.
Fredag 30. november 2018
Utdanningsforbundets leder Steffen Handal frykter at læreplanene vil bli så vage at lærerne ikke lenger kan finne støtte i dem.
Torsdag 29. november 2018
Elevene på Jordal skole i Oslo mener andre verdenskrig og holocaust må inn på læreplanen. De får støtte av opposisjonen på Stortinget.
Onsdag 28. november 2018
I skissene til nye læreplaner for barne- og ungdomsskolen står det ingenting om andre verdenskrig og holocaust. En utenkelig utelatelse, mener Ervin Kohn.