Onsdag 2. januar 2013
Vil gi fleire stemmerett
MANNTAL: Grunnlaget for å stå i sametingsmanntalet bør utvidast, meiner Ap-politikar John Kappfjell. Han trur ei slik endring vil kunne auka talet på registrerte samar frå 15.000 til 300.000.

I dag er om lag 15.000 samar registrerte i sametingsmanntalet og har med det rett til å stemma ved sametingsvalet. Vilkår for å stå i manntalet er at du sjølv kjenner deg som same og at du anten sjølv har samisk som heimespråk eller at du har forelder, beste- eller oldeforelder som har hatt det.


Arbeidarpartipolitikaren John Kappfjell meiner grunnlaget for å stå i sametingsmanntalet bør utvidast.


Kappfjell er Arbeidarpartiet sin toppkandidat til sametingsvalet i sørsamekretsen og driv reindrift i Majavatn-området. Han meiner det å vera av samisk ætt må likestillast med det å ha samisk som heimespråk. Han vil også opna sametingsmanntalet for personar som er gift med samar.


Frå 15.000 til 300.000


Kappfjell ser for seg at det kunne bli mellom 300.000 og 400.000 registrerte i sametingsmanntalet med den utvidinga av grunnlaget som han går inn for. Han har granska si eiga slekt bakover til 1641 og funne at den i dag omfattar 26.000 personar, men berre knapt 800 av dei står i samemanntalet.


I tillegg til å bruka slektskriteriet i staden for språkkriteriet, ønskjer han også å opna sametingsmanntalet for dei som er inngifte i samiske familiar.


- Er det ikkje rimeleg at ei kvinne som føder eit samisk barn, sjølv skal kunne vera med og påverka vilkåra for det samiske, spør Kappfjell og minner om at Maria for eit par tusen år sia skreiv seg inn i manntalet i lag med Josef, som var «av Davids ætt», sjølv om dei berre var trulova.


- Ikkje alle vil setja pris på ei slik utviding av manntalet?


- Får vi ei slik oppslutning som eg ser for meg, vil Sametinget kunna bli ein maktfaktor, det kan det vera nokon som ikkje liker, seier Ap-kandidaten.


Han legg til at blir han vald inn på Sametinget, vil han gjera det han kan for at fleire skal få eit betre tilbod om samisk språkopplæring.


Skeptisk


Aili Keskitalo, leiar for Norske samers riksforbund (NRS), og presidentkandidat i sametingsvalet i 2013, er open for ein ny runde om kriteria for å stå i samemanntalet. Men ho er skeptisk til Kappfjell sine framlegg.


- Eg synest ikkje det høyrest så gjennomtenkt ut. Eg er godt nøgd med dei reglane vi har i dag. Det viktigaste kriteriet er det subjektive, at du oppfattar deg sjølv som same, seier Keskitalo til Klassekampen.


Ho understrekar at det å vera same i dag er å vera del av ein kulturell og språkleg fellesskap.


- Vi må verna om denne fellesskapen, ikkje tilinkjesgjera den, seier ho.


- Men har ikkje den språklege undertrykkinga av samane gjennom generasjonar stengd mange ute frå denne fellesskapen?


- Jau, og det var argumentet for at språkkriteriet på 1990-talet vart utvida til også å omfatta dei som har oldeforeldre som har hatt samisk som heimespråk. Fornorskinga har slått ulikt ut i ulike område.


- Kva med å opna manntalet for personar som er gifte med samar?


- Nei, det blir feil om ekteskap skal kvalifisera for demokratiske rettar. Ekteskap kan vera noko mellombels. Kva skal i så fall skje ved skilsmisse? Kva med sambuarskap?


Men Keskitalo er ikkje framand for at det kan vera mogeleg å opna for deltaking i manntalet på særeige grunnlag, basert på sterk tilknyting til det samiske. Ho viser til at det finst urfolk som har slike opptak.


- Eg vil heller ha rom for ein slik individuell prosess enn ein generell regel om at ekteskap gir rett til å stå i manntalet, seier NSR-leiaren.


Nordisk samekonvensjon


Keskitalo er oppteken av å sjå eventuelle endringar i reglane for valmanntalet i ein nordisk samanheng, og at dei blir gjeldande for heile samefolket. Det er no eit arbeid i gang med ein felles nordisk samekonvensjon, med eit mål om å harmonisera lovverket for Noreg, Sverige og Finland. Keskitalo beklagar at Russland ikkje er med i dette samarbeidet.


- I dag er det nokre nyansar som skil. Noreg har gått lengst ved å ta med dei som har oldeforeldre med samisk som heimespråk, det har dei ikkje på finsk side. På svensk side finst ein regel knytt til reindriftsrettar, men det er ikkje noko som snevrar inn grunnlaget, seier Keskitalo.


Ole Henrik Magga, professor ved den samiske høgskolen i Kautokeino, var den første sametingspresidenten, og sentral i utarbeidinga av retningslinene for Sametinget. Han meiner dagens reglar omfattar dei som bør ha stemmerett ved sametingsvalet. Kriteriet «av samisk ætt» meiner han vil bli vanskeleg å praktisera.


- Det er vanskeleg å avgjera kven som var av samisk ætt. Eg er redd ei utviding etter slike kriterium ville bli svært vilkårleg, seier Magga til Klassekampen.


Han viser til at Sametinget i hovudsak arbeider med kulturelle saker, der språket er særleg viktig. Alle andre rettar ligg utanfor Sametinget sitt mandat.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.51
Tirsdag 16. juli 2019
MEDISIN: På havbunnen utenfor Bjørnøya har forskere funnet et dyr ikke ulikt en juledekorasjon. Det har molekyler som kan drepe kreft­celler effektivt.
Mandag 15. juli 2019
BYGGER UT: Siden 2000 har antall ­bygninger i strandsonen økt med 20 prosent. Kommunene klarer ikke ­forvalte det nasjonale ansvaret, mener Norsk Friluftsliv.
Lørdag 13. juli 2019
RETUR: Utlendingsnemnda konkluderte at kurdiske Jumaah Hameed ikke var i fare for forfølgelse. Kort tid etter returen til Irak, ble Hameed torturert, hevder han.
Fredag 12. juli 2019
COMEBACK KID: Per Sandberg advarer mot «nasjonalistiske krefter» i Frp og hinter om politisk comeback i et annet parti til valget i 2021.
Fredag 12. juli 2019
ANSPENT: Onsdag forsøkte Iran å ta en britisk oljetanker i arrest, sier det britiske forsvarsdepartementet. Iran avfeier anklagene, men en iransk forsker advarer mot en ny oljetankerkrig.
Torsdag 11. juli 2019
KRITISK: Motstanden mot nasjonal ramme for vindkraft er stor i dei kommunane som ligg i dei veleigna områda. Kommunestyra og ord­førarar seier nei.
Onsdag 10. juli 2019
DØMT: Byrådet i Oslo har som mål å få flest mulig i fast stilling. Nå er kommunen dømt to ganger i retten etter å ha nektet en barnehageansatt fra et bemanningsbyrå fast jobb.
Tirsdag 9. juli 2019
VARSLER: Ap ­bekrefter at det i 2019 har kommet nye varsler om seksuell trakassering, men nekter å oppgi antallet. Også Rødt, Sp, MDG, Frp og KrF har fått ulike typer varsler i år.
Mandag 8. juli 2019
SER TIL VENSTRE: MDG kaller seg blokkuavhengig, men er negative til høyresamarbeid i de fem største byene etter valget.
Lørdag 6. juli 2019
ESER UT: Et halvår før kommunereformen settes ut i livet for alvor, viser SSBs fasit at hovedmålet om mindre byråkrati ikke kommer til å innfris.