Dagens leder
*Dei to partia som har ein reell sjanse til å få sin mann i Det kvite hus etter valet i november kan grovt sett delast inn i to kategoriar: Dei som lyg og dei som talar sanning. Republikanarane, som ikkje nett var kjende for sannferdig åtferd etter Bush-æraen, oversvømmer no veljarane med feilinformasjon på eit heilt anna nivå enn før. Mitt Romney baserer strategien sin på å angripe president Obama på tre punkt: Obama vil la folk få trygd utan å krevje at dei skal leite etter jobb, Obama har sagt at verksemdeigarar ikkje har bygd suksessen sin sjølv og no sist: At Obama sympatiserer med dei rasande libyarane som drap USAs ambassadør Chris Stevens tysdag kveld. Alt dette er løgn, uansett kva ein elles måtte meine om Obama. * For å ta det kjapt: Republikanske guvernørar spurte Obama om dei kunne få innføre strengare arbeidskrav for å gje folk trygd. Obama sa ja, og dimed hadde han «fjerna arbeidskrava for trygd». Obama sa at private verksemder skapar si eiga suksess, men at dei ikkje kan fungere utan ein stat - dei byggjer ikkje motorvegar og garanterer for valutaen sjølv. Og det var ambassaden i Egypt som før åtaket på ambassaden i Libya bad amerikanarar slutte å herse med islam av omsyn til tryggleiken for ambassadepersonalet. Obama sjølv fordømde åtaket på det sterkaste.