Mandag 21. februar 2011
- Ødslar bort oljefondet
Den amerikanske økonomitungvektaren Michael Hudson har granska oljefondet. Konklusjonen: Vi skuslar bort oljeformuen på å halde liv i den internasjonale finansoverklassen.

- Noreg må stille seg to grunnleggjande spørsmål. Korleis vil de at samfunnet dykkar skal sjå ut om 50 år, og kva må de investere i for å få det slik? Sverige spurte, og svaret var Ikea og mekanisk industri. Nett no er Noreg rikt nok til å sleppe dei spørsmåla, men sjølv ikkje Wall Street trur det kan vare ved. Dei vil ta pengane dykkar og stikke, seier Michael Hudson etter at Litteraturhus-leiar Aslak Sira Myhre har gjeve han eit etterlengta glas appelsinjus.


Hudson har enorm vekt i den amerikanske, økonomiske debatten. I 1990, same år Noreg oppretta oljefondet, stifta professoren ved Universitetet i Missouri det første fondet for statsgjeld til den tredje verda. Året etter kasta det nest mest av seg av alle internasjonale fond i verda.


Sakene han skreiv for det vektige tidsskriftet Harper i 2006 bidrog til å torpedere Bushs planar om å privatisere trygdeordningane i USA og var dei første til å talfeste finanskrisa som måtte komme.


Myhre har bede han granske Statens Pensjonsfond - Utland (oljefondet blant vener), og i dag skal han presentere funna på eit foredrag. Dei er ikkje hyggjeleg lesnad.


«Game over»


- Oljefondet plasserer oljeformuen i aksjar og andre finansielle verdipapir, og får kvart år skryt av IMF for å vere ei lur pengeplassering. Kva er eigentleg gale med det?


- Det er ikkje noko gale med oljefondet. Det gjer det politikarane dykkar har sett som mål: Å tene pengar i dei internasjonale finansmarknadene. Problemet er at det spelet er over. Oljefondet er i dag verdt 512 milliardar dollar. USAs sentralbank trykte nett opp like mange dollar med eit tastetrykk. Når dei store statane trykkjer opp så mykje pengar for å berge økonomiane sine, endar fondet dykkar opp med å vedde mot uendeleg kreditt.


- Og med uendeleg kreditt vert pengane våre, som er kreditt, meiningslause?


- Akkurat, seier Hudson engasjert.


Tek pengane og stikk


Hudson peikar på at USAs og EUs sentralbank ikkje kan trykkje opp utdanning og infrastruktur like lett, difor ville oljepengane vore meir skjerma for devaluering om vi investerte dei der.


- Det er to sentrale problem med å investere oljeformuen i aksjar og obligasjonar. For det første er det ikkje noko produktiv bruk av pengar. 40 prosent av all profitt i USA kjem no frå finanssektoren. Dette er ikkje profitt frå verdiskaping, tvert om er det renter dei krev frå den rikdommen som arbeidarane og maskinane i den faktiske økonomien produserer. Det er ein «tollbodøkonomi», som skal ha pengar for kvar passering, hevdar Hudson.


- For det andre: Leiinga i selskapa Noreg og dei arabiske statane investerer i, gjev no seg sjølv opsjonar medan dei set selskapa i stor gjeld. Dei «cashar ut» ved å selje til dykk. I bransjen kallar vi det «ta pengane og stikk»-strategien. De sel dykk katta i sekken, fortel Hudson, som mellom anna har jobba i det som no er JP Morgan Chase, ein av dei fire største bankane i USA.


- Det er heilt OK om dykk nordmenn vil kjøpe katta i sekken. De kan seie det gjekk til ein god sak - å oppretthalde den globale nyliberalismen. At det Jens Stoltenberg ville bruke sveitta og arbeidet dykkar på, var å subsidiere den utanlandske finanseliten.


Inflasjonsspøkelset


Klassekampen treff Hudson like etter han har forklart seg for Utanriksdepartementet, som finansierer Litteraturhus-prosjektet.


Eit vanleg argument frå norske styresmakter er at økonomien vår ikkje har kapasitet til å ta unna så mykje pengar. Vi ville ikkje fått fleire arbeidarar, berre spreie pengane utover dei same folka. Då går lønene opp, og norsk industri vil slite med å konkurrere. Hudson meiner argumentet ikkje gjev meining.


- Det der er ein mektig myte. Investerer du rett, går kostnadene tvert om ned. Poenget med å investere i vegar, jarnbane, utdanning og ny teknologi i Noreg er å få opp produktiviteten. Dimed betalar verksemdene mindre for kvar produsert eining, og då sparar de pengar.


- Finans er krig


Fleire gongar dreg Hudson opp krigsmetaforen. Irland hadde sunne statsfinansar før krisa, men er no i djup gjeld etter å ha berga bankane sine. Hudson kallar dette «krigsgjeld frå klassekrig». I USA demonstrerer no folket i Wisconsin mot knallharde kutt i offentleg sektor, for å finansiere bankpakker og skattekutt til dei rikaste to prosent av amerikanarane. Han ser òg oljefondet som del av ein geopolitisk kamp.


- Det er djupt ironisk. Noreg sel no ut teknologiverksemder som Elkem og verftsindustrien til Kina, for å kjøpe finanspapir i USA. Og det einaste håpet for å halde oppe verdien på desse papira, er fornya tillit frå Kina! Skulle de plassert oljeformuen i utlandet, burde de tenkte som kinesarane: Invester direkte i strategisk teknologi og ressursar, som de treng når olja tek slutt. Av ein eller anna grunn nektar norske styresmakter å nytte oljefondet diplomatisk. Det tyder berre at andre land med store statsfond får enno meir armslag til å gjere det, meiner Hudson.


Han syner til at det krig alltid har handla om - territorie, ressursar, kontroll - no kan kjøpast for pengar.


- Noreg har jo kriga i fleire hundre år med andre skandinaviske land om dette. I dag er svært mykje land i Island til sals. Kjøpar ikkje Noreg det, vert Singapore høgaste bydar.


Det vakte stor oppstuss i mars 2009, då det kom fram at oljefondet sidan finanskrisa starta hadde tapt 800 milliardar kroner. Det var då alle pengane fondet hadde tent sidan 1998.


- Men no har børsane snudd, og vi har vunne tilbake dei tapte pengane. Er ikkje likevekta gjenoppretta?


- Problemet med å tenkje i likevekt er at alt er i likevekt heile tida. Når du fell på nasen, er du i ein slags likevekt. Wall Street skjønnar at dei er på veg mot bakken. Oppgåva deira no er å få godtruande folk som dykk til å betale for at dei kan komme seg ut.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.39
Lørdag 15. desember 2018
ÅTVARAR: Mette Nord seier ho ikkje veit kor LO landar i EØS-spørsmålet i 2021, og vil sjølv ikkje garantera for avtalen.
Fredag 14. desember 2018
LOV: Nav-kontorene mener innføringen av lovpålagt aktivitetsplikt hjelper ungdommen, men andelen unge på sosialhjelp er like høy som før loven kom.
Torsdag 13. desember 2018
NYTT: I 2017 døde flere rusbrukere av heroin-medisinen metadon, enn heroin, viser nye tall fra Folkehelseinstituttet.
Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Tirsdag 11. desember 2018
FORSLAG: Venstrevridde eksperter vil lage et nytt europeisk parlament og la institusjonen rå over et kjempebudsjett på 4 prosent av Europas BNP.
Mandag 10. desember 2018
BARNEFRI: Fødselsraten i 2017 var den laveste som er målt. I 2018 ligger vi an til sette ny bunnrekord.
Lørdag 8. desember 2018
PRESSEFRIHET: Norge vil avgi en flere punkts stemmeforklaring til FNs migrasjonsavtale mandag. Ett av punktene skal tydeliggjøre pressens uavhengighet.
Fredag 7. desember 2018
VERPESJUKE: Regjeringen har satt ned en egen arbeids­gruppe for å få norske kvinner til å føde flere barn. MDG mener befolkningsvekst bør komme gjennom innvandring.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.
Onsdag 5. desember 2018
UHOLDBART: Elin Ørjasæter slakter Trine Skei Grandes lederstil etter at partilederen anklaget partifelle for å være illojal.