Lørdag 18. september 2010
Ein forfattarfabrikk?
Det litterære Noreg liknar konserna i den gamle austblokka der ein elite styrte alle ledd, seier Kaj Skagen. Dette meiner han undergrev den frie forfattarrolla.

- Ein strukturell revolusjon må til om ikkje norsk litteratur skal bli einspora, keisam og uvesentleg, seier Kaj Skagen.


Sidan debuten i 1971 har forfattaren Skagen vore ein enfant terrible i norsk litteratur. Han er mellom anna kjend for romanen «Himmelen vet ingenting», som vekte forarging i norsk bokheim då han kom ut i 1988. I dag framstår boka som eit skarpt åtak på kommersialiseringa av litteraturvesenet, men den gongen vart kraftig fordømd.


- Synspunkta mine har gått på tvers av dei rådande retningane. Det er kanskje ikkje naturleg for alle forfattarar å ta del i samfunnsdebatten. Men denne deltakinga høyrer likevel med til den sosiale rolla til forfattaren, seier Skagen.


Han meiner den frie forfattaren har betre vilkår enn andre som samfunnsdebattant:


- Av di han ikkje er danna og hegna innanfor eit bestemt miljø og ein særskild tenkjetradisjon, seier Skagen.


Ein del av maktfordelinga


- Biograf Tore Rem seier at denne frie rolla, som særskilt Jens Bjørneboe spela, ikkje er tilgjengeleg i dag?


- Rem blandar saman denne rolla som sosial og kulturell institusjon med den måten Bjørneboe fylte han på. Bjørneboe er ikkje lenger tilgjengeleg, bortsett frå hos dei som samtaler med dei døde. Men rolla i seg sjølv er open for alle frie intellektuelle med personleg røyst. Som institusjon er denne rolla ein viktig del av maktfordelinga i eit moderne samfunn.


Oppvekstlitteratur


Men om forfattarane let seg skolere innanfor det etablerte litterære miljøet, vil dei bli fanga av moteriktige trendar i forlag og skriveskular, og misse denne fridomen, seier Skagen.


Han viser såleis til debattane om «skriveskuleforfattaren» som har dukka opp med jamne mellomrom dei siste åra. Kritiske røyster har etterlyst meir samfunnsengasjert litteratur og mindre oppvekstskildringar.


- Unge menneske har eit friskt og nytt blikk på samtida, som vi treng å høyre. Å gå i barndomen gjer dei betre i alderdomen, seier Skagen.


Den personlege røysta


Det er berre eit fåtal personar som verkeleg lever av forfattaryrket i dag. Det trengst ikkje eiga fagutdanning til eit så lite tal, seier Skagen.


- Vi lærer å skrive og lesa på skulen. Vidare utdanning innan skriving tyder kolonialisering av det personlege feltet. Vidaregåande fagutdanning for forfattarar undergrev den frie rolla. Det seier seg sjølv at litteraturen blir uinteressant når alle fortel den same historia. Om gamle forfattarar og halvgamle litteraturvitarar står bøygde over skrivebordet til dei unge, enno uferdige forfattarane, kan vi nok få ein glatt og språkleg lytefri litteratur. Men samstundes blir heile litteraturen til ein norsktime.


- Kva er vi i ferd med å tapa?


- Den personlege forfattarrøysta som ikkje er forma og filtrert gjennom akademia og skrivekunstskular. Ho kan sjåast som ein eigen sosial og kulturell institusjon på linje med pressa og universitetet. Dersom den forsvinn, blir ei livsviktig vinkling på både faglege og politiske spørsmål stengd. Ei kjelde til fornying tørkar ut.


Kombinatet


I førre veke sette Klassekampen fokus på ein aukande tendens i bokbransjen: Stadig fleire kombinerer fleire roller i dei litterære institusjonane. I bokhausten i år har ein rekke debutantar bakgrunn i redaktørarbeid og konsulentoppdrag.


Eit system der rollene i stadig større grad blir fylte av same personane, vil før eller seinare bli korrupt, meiner Skagen:


- Går vi til historia, finn vi døme som kan illustrere stoda i den norske bokheimen. Sirkelgangen i dei norske litteraturinstitusjonane liknar på strukturen i kombinata, industrikonserna i den gamle austblokka, seier han.


«Kombinata» i dei tidlegare austeuropeiske statane var konglomerat av all verksemd innanfor kvar einskild bransje, der alle delane av verksemda, frå forsking til varehandel, var samla under éi leiing.


- Tendensen er at all opplæring, produktutvikling, kvalitetsvurdering, produksjon, sal og innkjøp skal skje innanfor same organisasjonsstrukturen, styrt av same eliten, seier Skagen.


Revolusjonen


Skagen meiner strukturane i bokbransjen, som innkjøpsordning og skriveskular, i realiteten ikkje lenger fungerer som stønad til den frie litteraturen, men meir som litteraturpolitiske styringsinstrument innanfor ein autoritær struktur.


- Det tyngdepunkt som statsinnblanding har danna i norsk litteratur, er ein rest frå fortida og må løysast opp.


- Korleis då?


- Radikale åtgjerder må vurderast. Til dømes måtte skriveskular kunne nedleggjast eller gjerast om til folkehøgskular. Innkjøpsordninga må omleggjast. Ikkje minst må grensene mellom dei som står for fagleg vurdering av litteraturen, dei som deler ut prisar og stipend, dei som utgjer litteratur, og dei som skaper den nye litteraturen, gåast opp att, slik at ikkje alle desse funksjonane flyt saman. Blir ikkje desse grensene respektert, oppstår monopol på både form og meining, seier Skagen, som meiner dei sentralistiske litterære strukturane må endrast i retning av desentralisering.


- Kva inneber det konkret?


- Støtteordningar må bli spreidde. Utdeling av prisar og stipend må bli fordelte på fleire hender. Biblioteka, som i dag opplever at kulturrådet styrer bokinnkjøpet, må sjølve få velja kva bøker dei skal i hyllene sine. Eg vil på ingen måte overlevere det litterære apparat til marknaden. Stønadsordningane må haldast oppe, men på ein annan måte enn det blir gjort i dag, seier Skagen.


- Men det er ikkje små endringar du vil ha?


- Nei, konsekvensane vil vera vidtrekkande. Det må rett og slett ein strukturrevolusjon til i norsk litteratur, seier Skagen.


Han trur endringa kjem til å koma før er seinare.


- Det er viktig å tenkje over dette no før det kjem eit politisk skifte i meir konsekvent marknadsliberal retning. Før vi veit ordet av det blir heile mastodonten slakta, partert og seld bitvis til høgstbydande.

Artikkelen er oppdatert: 23. oktober 2013 kl. 09.30
Lørdag 25. mai 2019
For å få boka «Kvinner i kamp» bredt ut i USA måtte forfatter Marta Breen akseptere at kvinnelige brystvorter ble sensurert bort fra en av illustrasjonene.
Fredag 24. mai 2019
Donna Zuckerberg har undersøkt ytre høyres fascinasjon for gresk og romersk kultur. Hun ber oss ta misbruket av antikken på alvor.
Torsdag 23. mai 2019
Overskrifta «Kunne Ari vært neger?» fra 2002 har fått mange til å steile. Vil omtalen av Erlend Elias som «en homse med et visst skrullenivå» snart vekke liknende reaksjoner?
Onsdag 22. mai 2019
Jo mer strømme­tjenester som Storytel og Fabel blir brukt, desto mindre blir honoraret per strømming. Forsker Arnt Maasø mener forfatterne bør kreve en annen betalings­modell.
Tirsdag 21. mai 2019
Sponsing av skoletransport bidro til ny besøksrekord for Sørlandets Kunstmuseum i fjor. Direktør Reidar Fuglestad tilbake­viser at museet har forsøkt å blåse opp besøkstallene.
Mandag 20. mai 2019
20 prosent, 25 prosent eller kanskje 30? Cappelen Damm tilbyr forfattere helt ulike royalty­satser for lydbokstrømming på Storytel.
Lørdag 18. mai 2019
Høyere utdanningsminister Iselin Nybø (V) avviser at regjeringens ­politikk fører til nedleggelser av studieplasser.
Torsdag 16. mai 2019
Bokaktuelle Olaug Nilssen serverer satire om kulturmannens vaklande autoritet i sitt satiriske drama «Ikkje tenk på det».
Onsdag 15. mai 2019
Forfattere har fått mangelfulle kontrakter og altfor lav royalty for strømming hos Storytel. – Rått og brutalt, mener Forfatter­foreningen.
Tirsdag 14. mai 2019
Salget av papir­bøker stuper, men strømming av lydbøker demper fallet for storforlagene. Nå må mindre aktører også få ta del i veksten, krever bokforsker.