Mannen som elska ein terrorist

Den norske teologistudenten Øyvind Foss fekk oppleva at Jan-Carl Raspe, mannen han elska, gav seg hen til Andreas Baader og til ein privatkrig mot staten.

Norske Øyvind Foss opplevde den tyske hausten som studentprest i Heidelberg. Både terrororganisasjonen RAFs kidnapping av Hans Martin Schleyer og kapringa av lufthansaflyet Landshut med 86 passasjerar om bord gjorde inntrykk. I fengselet Stammheim sat mannen han ein gong hadde elska mest av alle, Jan-Carl Raspe. Han høyrde til kjernen i terrorgruppa, aksjonane hadde som mål å få Raspe og resten av leiinga i RAF fri. Foss budde i Berlin frå 1963–1968. Han arbeidde som frilansjournalist, og skreiv mellom anna for Dagbladet. I denne tida hadde han kontakt med fleire av dei som seinare skulle gå inn i Baader-Meinhof gruppa. I boka «Jeg elsket en terrorist. Et oppgjør med Baader-Meinhof», som vart utgitt i 1981, fortel han om at terroristar på ingen måte alltid er usympatiske menneske. Her skildrar han fleire av Baader-Meinhof-gruppas medlemer som idealistar. Dei var mot Vietnam-krigen, og ønskte frigjering frå kolonialismen. Foss skildrar Ulrike Meinhof, Gudrun Ensslin og Jan Carl Raspe som meget moralske, nesten puritanske i sin innstilling, og skilte seg fordelaktig ut i et ellers nokså forvirrende studentmiljø.– Du framstiller leiinga for Baader-Meinhof gruppa som gode menneske? – Nei, ikkje som gode menneske, men som intellektuelle menneske. Ensslin var både arrogant og lite tolerant. Meinhof derimot var ein stor personlegdom. På grunn av livskrise og depresjon hamna ho der ho hamna. Jan-Carl Raspe var ingen intellektuell, men han var ein gjennomtenkt systematikar. Men vi kan ikkje begynne her, vi må snakka om kva som skapte Baader-Meinhof gruppa.