Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lågmål

Dagens leder

* Arbeidarpartiets innvandringspolitiske talsmann Arild Stokkan-Grande tok steget frå dei bakre benkar og inn i rampelyset, då han i Klassekampen i går kom med den eplekjekke oppfordringa til afghanarane som hadde gått frå Trondheim til Oslo: Når dei er spreke nok til å gå den lange vegen på egne bein, er dei sterke nok til å gå vidare til Afghanistan. Same kva ein måtte meine om tvangsretur av dei afghanske flyktningane, må ein kunne vente eit minstemål av menneskeleg respekt for dei som på ulike vis er offer for tragedien i Afghanistan. Kontrasten mellom Stokkan-Grande og varmen som møtte asylmarsjen undervegs er slåande, og ikkje til Stokkan-Grandes fordel.