Onsdag 18. mai 2005
Himmelsk makt og jordisk glede
Borgny Svalastog har brodert to nye bispekåper til biskop Odd Bondevik i Møre og Romsdal. Dei er til Guds ære - inspirert av våren i Romsdalen.

- Av og til må eg reisa meg for å kvila baken, ler Borgny Svalastog.

Det høyrest kanskje bakvendt ut, men ikkje om ein veit at kunstnaren har brukt fire år på å dekorera fire bispekåper med broderi. Kåper ho sjølv har designa motiv, avgjort stoff og snitt til. Timane ho og assistentane hennar har sete bøygd over arbeidet, har vore mange. Mot slutten gjekk det på senebetennelsa laus for fleire av dei.

Stoffet er vevd for hand av Marit Somby, snittet har Hanna Helgadottir stått for - båe kjende partnerar for Svalastog, medan skreddaren Nourwais Ahmadi, som har stått for monteringa, samarbeider med henne for fyrste gong.

- Då eg i si tid fekk oppdraget med å laga bispekåpe til Agder, tenkte eg at det var sjølve lykka, men eg trudde jo aldri at det skulle bli fire kåper før eg var ferdig, seier Borgny Svalastog til Klassekampen.

I tillegg til dei to hovudkåpene til Agder og Møre, har ho også komplettert bispeutstyret til dei to bispedømma med «lettare» reisebispekåper til dei båe.

Sjølverkjenning

Hovudkåpa til Møre er lysande kvit, brodert med gulltråd og enorme mengder djupvassperler, og fora med lindegrøn silke.

- Ein kan godt vera mot konsumsamfunnet og likevel nytta så mykje krefter og ressursar på ei utsmykking, seier Svalastog. Vel vitande om at dette er innvendingar som har vorte reist både i og utanfor kyrkja om dei tidlegare bispekåpene ho har laga. Det kostar med handgjorte klede.

- Årsaka til at dette ikkje er noko motseiing, held ho fram, - er at desse plagga ikkje er meint for forbruk. Dei er noko som skal vara, dei er berarar av ein tradisjon og ein identitet.

Bispekåpene er ikkje berre imponerande handarbeid og vakre kunstverk. Dei er også liturgiske plagg, med ein religiøs funksjon. Her spelar både fargar og materiale ei rolle, og den broderte dekoren er stiliserte symbol og symbolbilete som viser til fleire av dei sentrale biletforteljingane i Det gamle og Det nye testamentet.

Borgny Svalastog er sjølv katolikk, og forteljingane frå Bibelen har følgt ho gjennom heile livet. Både som trøyst og inspirasjon. Det organiske og det teologiske har vorte eitt i ho, som ho sjølv uttrykker det. Det same kan ein kanskje seia om den religiøse og den kunstnariske sida av arbeida hennar. Dei har vorte eitt. Borgny Svalastog leiter ikkje i Bibelen etter høvelege tekstar og motiv når ho skal setja i gang med ei slik enorm oppgåve som bispekåpene er. Historiene frå evangelia lever i ho og blir aktualiserte når ho byrjar å planlegga eit nytt kunstverk.

- Slik eg tenkjer om det, skal motiva på bispekåpene kunne opna eller lukka for eksistensiell ettertanke. I møte med desse bileta kan du møta deg sjølv om du vil, og knyta dei til din smerte, din sjukdom, din lengsel eller din helbredelse.

Romsdalsnaturen

Om sjølve arbeidet har vore hardt, har det ikkje vore ei bør. Den fireårige kunstprosessen har vore ei fordjuping både i handtverk og tematikk. Men produksjonen av dei to nye kåpene har vore svært ulik.

Den kvite hovudkåpa til Møre er kristuslyset.

- Motiva i denne er svært avklara. Det er den maskuline energien, slik eg opplever han i Det nye testamentet sine tolkingar, seier Svalastog.

Reisebispekåpa er raud, fora med vevd organsa i regnbogefargar.

- Maria Magdalenas kåpe, kallar Svalastog ho. - Denne kåpa ber den feminine energien. Dei kraftfulle «grokreftene» frå jorda. I broderia har dei evangeliske orda vorte til ein eksotisk blome som spring ut.

- For meg utgjer dei to kåpene eit møte mellom det himmelske og det jordiske. Det var ikkje råd å få dei to temaa på ei kåpe. Her har ein både den eksistensielle kampen, lidingshistoria, og krafta i livet som fødast og veks.

Den kvite kåpa er det Hanna Helgadottir som har hatt hovudansvar for, etter Borgny Svalastogs nøyaktige skisser, medan Svalastog sjølv har brodert den raude kåpa - utan skisse. Ho har brodert og komponert etterkvart. Det fortel ikkje berre noko om hennar dugleik som kunstnar, men også noko om gleda ho har hatt med å laga nett denne kåpa.

- Eg kjende meg meir fri når laga denne, enn under produksjonen av noka av dei andre kåpene, men eg kunne ikkje ha gjort dette arbeidet til nokon annan stad enn Møre. Eg voks opp inst i Langfjorden i Romsdal og det har vore ei stor ømheit i dette arbeidet. Tør eg seia nesten ei forelsking? Eg har nytta det som var sentralt då eg var barn - naturen og samfunnet. Det var eit anna samfunn, alt vart gjort i fellesskap, eg kjende meg ikkje framandgjort som barn, eg sprang inn og ut over alt og alle dører stod opne. Denne kjensla har vore viktig for meg under arbeidet. Og av ei eller anna årsak merkte eg meg mest med våren då eg var lita, det var den året krinsa rundt for meg. Difor også det grøne fôret i den kvite kåpa.

Slik har romsdalslivet og naturen kome inn i broderia. Men også dei gamle tekstiltradisjonane i Nesset, som familien til Svalastog var ein del av, har gjort seg gjeldande.

- Då eg voks opp på 1950-talet var det framleis ein aktiv konfeksjonsindustri i byen, og alle var motemedvitne. Energien eg sjølv kjente som 15-åring, då eg byrja å sy mine eigne klede, har kome tilbake til meg. Dette «jåleriet», i positiv meining - som din eigen premissleverandør, er ei kraft eg har kunna nytta meg av no, seier Svalastog humoristisk.

Kåpe og dikt

Samstundes med at dei to bispekåpene til Møre er ferdig, har Press forlag også gjeve ut ei bok om dei to «tvillingkåpene» ho sydde til Agder bispedømme. Boka rommar både bilete av kåpene og arbeidsprosessen, og dei blir kommenterte av professor i kunsthistorie Gunnar Danbolt i essayet «Borgny Svalastogs bispekåper i Agder», medan diktaren Øyvind Berg under tittelen «Dobbeltevangeliene» har skrive åtte pluss åtte «kontrapunkt» til nytestamentlege tekstar. I boka er desse sett saman med biletmotiv frå stolpene på bispekåpene.

Øyvind Berg er ikkje ein diktar som blir assosiert med ein særskilt sakral, opphøgd tone, men Borgny Svalastog hevdar det ikkje finst andre ho heller ville ha hatt.

- Øyvind er ein mild og snill mann. Han er den einaste som tør pirka i meg på eit vis ingen andre tør, og både han og familien er gode vener som eg finn stor støtte i. Eg blir alltid inspirert både av han og kona, Ingrid Blekastad - som er direktør ved Kunstbanken på Hamar.

For Svalastog er ikkje Bergs direkte språk ein provokasjon, jamvel om det er eitt ord ho stansar ved, men det kan ho leva med. Snarare opnar tekstane for refleksjon og aktualisering av kva ho driv med.

Borgny Svalastog er ein kunstnar som aktivt kommenterer si samtid, og Øyvind Bergs tekst til biletet av piskinga av Jesus, «Hudfletting», opnar til dømes for aktualisering.

- Eg må leva i samtida. Her og no. I bunn og grunn handlar det om vi orkar å ta Jesu lidingshistorie inn over oss og at vi ikkje alltid godtek den enkle utvegen. Berre tenk på torturoffera i Irak som Klassekampen skreiv om sist veke når du les teksten til Øyvind Berg, seier Svalastog.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.24
Onsdag 17. juli 2019
Oslo Høyre krever bademuligheter for å støtte det omstridte Fotografihuset på Sukkerbiten. Men leder av Fotografihuset mener området ikke er egnet for bading.
Tirsdag 16. juli 2019
SV lover omkamp om Fotografihuset på Sukkerbiten i byrådsforhandlingene etter valget. – Vi vil jobbe hardt for at området omreguleres, sier ordfører Marianne Borgen (SV) i Oslo.
Mandag 15. juli 2019
Ledelsen for det planlagte Fotografi­huset i Oslo har hevdet at et samlet fotomiljø står bak prosjektet. Det avviser flere i miljøet. – Vi kan ikke stille oss bak noe vi ikke vet hva er, sier Morten ­Andenæs i Fotogalleriet.
Lørdag 13. juli 2019
Tidligere Folk er folk-medarbeider Tormod Fjeld Lie går hardt ut mot redaktør Bjønnulv Evenrud. – Det er stygt at romfolk blir ansiktet for redaktørens politiske syn, sier han.
Fredag 12. juli 2019
Havnetomta Sukkerbiten i Oslo skal få et nytt fotografihus. Men ikke alle er like begeistret. – Det vil gjøre området til en enda større turistmaskin, mener aksjonsgruppas leder.
Torsdag 11. juli 2019
Som del av redaktørens ytrings­frihetsprosjekt, inviterer bladet Folk er folk høyreradikale stemmer og siterer en holocaustfornekter. – Tragisk for magasinet, sier Rune Berglund Steen fra Antirasistisk ­Senter.
Onsdag 10. juli 2019
Det er stor overvekt av kvinner ved ­journalist-utdanningene, men Oslomet vil ikke ta grep. De mener mangelen på minoriteter er et større problem.
Tirsdag 9. juli 2019
Kulturminister Trine Skei Grande (V) får kritikk for sin håndtering av debatten om avtalen mellom Fredriksen og Nasjonalmuseet. – Ubetimelig, mener kunstner Lotte Konow Lund.
Mandag 8. juli 2019
Senterpartiet mener bevaring av veteranflymiljøet på Kjeller ikke bare er et lokalt spørsmål, men et nasjonalt anliggende.
Lørdag 6. juli 2019
Det er ikke uproblematisk at Nasjonal­biblioteket gir ut egne bøker, mener to bokaktuelle medieprofessorer. De frykter at staten kan utkonkurrere forlagene.