Norske forfattere om Kaffistova.
* «Eg syntes om både utsikten, respatexborda og jentene bak disken med nylonforklede på. Eg var så fornøgd med alt at eg ikkje kunne nøye meg med ein kopp kaffi og ein lefsestump, men kjøpte meg ein heil middag. Kjøtkaker og kålstuing. Eg sat no ved eit bord, med god kjøtkakesmak i kjeften, og såg framtida mi kome rullande mot meg som ei full høyvogn. Det lukta feitt og godt gras av ho, det var både kløver og plenti av timotei og ei sprellande grøn grashoppe sat på kanten med ein liten klarinett.»