Lørdag 15. januar 2005
Det kohtske knot
Halvdan Koht valde folket si side. Det var difor han vart hata etter krigen, meiner Kåre Lunden.

Han las då han var fire. Som åtteåring pløgde han gjennom ei bok på 300 sider på éin time. Det var Robinson Crusoe. Same dagen som han fekk boka, las han henne 17 gonger. Som vaksen skreiv han 43.000 boksider, på tysk, fransk, engelsk, dansk, riksmål og landsmål. Ja, kven veit, truleg skreiv han ein del på norrønt òg.

Han var eit av dei mest gåverike menneske Noreg har hatt. I tillegg var han eit av dei mest hata. Same året som han døde, i 1965, ropte framleis vaksne menneske etter han: «Dra til helvete». På 60-talet kom det enno krav i avisa om at han måtte få dødsstraff. I år er det seksti år sidan Andre verdskrigen tok slutt. Tidlegare utanriksminister Halvdan Koht kom ikkje heim i lag med resten av regjeringa i 1945. Han oppheld seg lenge i sjølvpålagd eksil i Washington. Sjølv om granskingskommisjonen alt i 1945 gav han ros for innsatsen i aprildagane i 1940, vart han ståande att som sjølve forrædaren i store delar av det norske borgarskapet.

Olof Palme

Torsdag heldt Kåre Lunden føredrag om Halvdan Koht i Det Norske Vitskaps-akademi i hovudstaden. Lunden meiner at Koht var Noregs Olof Palme. Han vart utsett for det same hatet frå sitt lands overklasse. Men med Koht kom i tillegg kanskje det verste av alt: Valet av feil språk, språket til allmugen. Sist laurdag skreiv Lunden ein dobbeltkronikk i Klassekampen om det språklege hegemoniet til riksmålsfolket. Her utdjupar han synet sitt med Koht som utgangspunkt.

- Med sin tyske slektsbakgrunn, sitt borgarlege opphav, sin solidaritet med arbeidarklassa og si konsekvente sosialistiske orientering, er det liten tvil om at Koht vart utsett for dei same kreftene som Palme. Når han attpåtil valde landsmålet, gjekk det som det måtte gå. Skilnaden ligg mest i at det berre vart skrive at Koht skulle ha vorte skoten.

Lunden var tenåring då Andre verdskrigen tok slutt. Han hugsar godt korleis Koht vart handsama i pressa. Ingen av dei som var på rett side før og under krigen vart utsett for ei slik framferd, meiner Lunden.

- Ikkje nokon vart rakka så ned på som Koht. Kombinasjonen av sosialt opphav og politisk orientering var berre eitt av fleire trekk i det biletet. Men at Nygaardsvold ikkje var utsett for den same hetsinga, kan vanskeleg forklarast på nokon annan måte enn med ulikt sosialt opphav. I det minste om ein ser det frå ein overklassesynstad, for å snakke i kohtske termar. Nygaardsvold og Koht meinte nemleg det same politisk. Men sidan Nygaardsvold var frå arbeidarklassa, såg ikkje overklassa noko element av forræderi i hans politiske synspunkt. Og språkreisa til Koht var sjølvsagt eit stort element til i det overklassa såg som klasseforræderi.

Knot

Og då er vi over på det vi skal snakke mest om her: Det kohtske knot, som Kjartan Fløgstad på ny har gjort varmt gjennom boka «Brennbart». Ingen som har lese Koht kan unngå å leggje merke til at språket til den store historikaren var særmerkt. Men Lunden går ikkje med på at det var vanskeleg.

- Til liks med andre kunstverk hadde Koths språk stemplet til opphavsmannen. Du skal ikkje lese mykje av han før du ser at dette er Koht. Dette har Koht til felles med alle gode stilistar og kunstnarar. «Dette er eit bilete av Munch, dette er tekst av Hamsun, dette er skrive av Koht.»

Det er elles ingenting som er meir gale enn å seie at det Koht skreiv, var knot, meiner Lunden.

- I omgrepet «knot» ligg det at språket skal vere oppdikta og konstruert. Eitt av dei heilt sentrale trekka ved Kohts stil, er at han er munnleg. Eg veit ikkje om nokon norsk stillist som i så høg grad nyttar talemålet som utgangspunkt for det han skreiv som det Koht gjorde. Dersom folkemålet i dialektane er naturleg og ukonstruert, så var Kohts språk det mest naturlege som tenkjast kunne og langt unna alt som smakar av knot.

Lunden meiner at eit språk fyrst og fremst er folkeleg gjennom setningsbygnaden, syntaksen, dinest ved ordvalet, folkestyre i staden for demokrati og så bortetter.

- Koht var eksemplarisk på området. Men det som var litt særmerkt ved Koht, var nokre få trekk ved ortografien. Han brukte ikkje «t», i bunden form, inkjekjønn eintal. «Folket» utan «t», «folke». Han sløyfa nokre stumme konsonantar. Men kva har det med saka å gjere? Eg meiner at ortografi ikkje har noko med folkemål å gjere i det heile teke. På engelsk kan du skrive både folkeleg og høglitterært. I båe tilfella nyttar du den rådande ortografien, som ligg nokså fjernt i frå uttalen. Eg held fast ved at Kohts språk var usedvanleg naturleg og lite konstruert.

Samnorsk

Men det kothske knot konnoterer noko meir enn Kohts språk åleine, det kothske knot syftar òg på dette fæle ordet «samnorskstrev».

- For det er ikkje å kome forbi, Koht ville riksmålet til livs. I så måte er det vel naturleg at borgarskapen ikkje var så glad i karen?

- Det er klart at «kohtsk», konnoterer både det personlege og det samnorske. Men når det gjeld samnorsk kontra riksmål og nynorsk, så er det spørsmål om abstraksjonsnivå. Det som er det reelle skilje, er mellom folkemålsformer på den eine sida og tradisjonelle litteraturformer som er komne frå dansk, i meir eller mindre modifiserte former. Om vi tek bort desse abstraksjonfrasene om riksmål og nynorsk, så er det tydeleg at det som det vart reagert mot, var folkemålsformene, anten det var i nynorsken til Koht eller i samnorsken. Og vi skal hugse at samnorsken ikkje vart realisert.

Med andre ord: Det var dei hegemoniske kreftene som reagerte mot underklassa, mot folket. Men gjev det i det heile teke meining å seie at ein person som Koht var eit offer for det ideologiske hegemoniet? Sjølv om han fekk mange mot seg, kan det ikkje vere tvil om at han fekk mange med seg. Det borgarlege samfunnet gav han nesten alle dei æresprov som tenkjast kunne.

Eliten

- Nesten etter alle parameter som tenkjast kan, høyrde då Koht til eliten i Noreg?

- Det gjev veldig god meining å seie at Koht var eit offer for det ideologiske hegemoniet. På det personlege plan er det tydeleg at Koht høyrde til eliten. Men det er ikkje det som er spørsmålet. Noreg var på hans tid klassedelt. På den eine sida hadde du arbeidarklassa inkludert småbønder og fiskarar, og på den andre sida overklassa, borgarskapen. Koht gjorde seg sjølv til talsmann for arbeidarklassa. Det pågjekk heile tida ein interessekamp mellom underklassa og overklassa. Det ideologiske hegemoniet går ut på at dei som sjølve representerer makta og prestisjen, trur - dersom dei er ureflekterte - at dei både har rett og er kvalitativt overlegne dei andre klassene. Dei trur dei er betre på alle moglege måtar. Når Koht vart teken avstand frå, var det ikkje grunna at språket hans var kvalitativt tilbakeståande, men enkelt og greitt fordi det var språket til underklassa.

- Men var overklassa heilt hegemonisk? Både Koht og andre landsmålsfolk kom seg opp og fram? Hegemoni tyder vel total dominans?

- Hegemoni kan vere meir eller mindre totalt. Språkjamstillingslova av 1885 er eit prov på at dei kreftene som representerte folkespråket hadde ei viss makt. Men det tyder ikkje at hegemoniet vart totalt avskaffa. Det har aldri vore reelt likestilling mellom språka her til lands, sjølv om det har vore formell likestilling. Koht vart ståande som symbolet på mykje av det borgerskapet opponerte mot, både politisk og kulturelt.

Stor historikar

I ei moderne tid som ikkje dyrkar geniestetikken gjev det kanskje ikkje meining og snakke om kven som er fremst. Men skal ein fyrst rangere norske historikarar, kjem ein vanskeleg utanom Halvdan Koht. Ingen norsk historikar har spent så vidt, ingen har skrive så mykje og ingen har presentert meir fruktbare syntesar om Noregs framvekst som nasjon.

Koht var den fyrste som konsekvent brukte moderne kjeldekritikk på sagalitteraturen. Norsk mellomalderhistorie såg Koht som ein parallell vekst av kongen, kyrkja og aristokratiets herredømme over det gamle ættesamfunnet. Koht meinte òg at Noreg tapte sin nasjonale suverenitet til Danmark av di adelen gjekk under. Arbeida sine om norsk mellomalderhistorie gav han ut i 1921 med tittelen «Innhogg og utsyn i norsk historie».

I «Norsk bondereising» frå 1923 trekkjer Koht ei line mellom mellomalderen og 1800-talet. Der finn han heile tida spenningar av same art, sosiale folkereisingar som også får nasjonale mål fordi dei er retta mot framand herredøme. Koht var ein materialistisk historikar. Men han var usamd med Marx når han hevda at nasjonalstaten berre var eit overgangsfenomen i historia.

Kohts biografi om Ibsen (1928-29, med seinare revideringar) vert framleis rekna som eit referansearbeid.

Som utanriksminister (Ap) stod Koht på nøytralitetslina og undervurderte til liks med dei fleste norske politikarar trugsmålet frå Tyskland. Etter invasjonen 9. april 1940 avviste Koht alle tyske tilnærmingar. I 1945 bad han om riksrett. Stortinget avviste dette. Ei bok om 9. april skreiv han på fire dagar.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.23
Lørdag 15. desember 2018
Mens netthandel på bøker har tatt av i Sverige, foretrekker nordmenn fremdeles å handle bøker over disk.
Fredag 14. desember 2018
160 millioner kroner har det kostet å totalrenovere «Hestmanden». Nå må museumsskipet legge til kai fordi Kulturdepartementet ikke vil gi fem millioner kroner i økt støtte.
Torsdag 13. desember 2018
Mange var sikre på at Amazon ville etablere seg i Sverige denne høsten. Men satsingen lar vente på seg.
Onsdag 12. desember 2018
Finnmark fylkeskommune vil erstatte skolebibliotekarene med elevvakter og chatte­tjenester. Nå frykter Bibliotekforeningen at dette er starten på en ny trend.
Tirsdag 11. desember 2018
I medienes dekning av selvmord blir helsevesenet ofte utpekt som syndebukker, mener psykiatrisk sykepleier Rita Småvik. Hun frykter at det kan gjøre forebygging vanskeligere.
Mandag 10. desember 2018
MDG-politiker og forfatter Eivind Trædal har fått politiske motstandere på døra. Han mener grensa for aktivisme, også den kunstneriske, går ved dørstokken til folks privatliv.
Lørdag 8. desember 2018
Tilhengerne kaller det en revolusjon. Eks-statsråd Gudmund Hernes kaller det tøv. Hva handler moteordet «dybdelæring» om – dypest sett?
Fredag 7. desember 2018
TV 2 har innført ny instruks for omtale av selvmord. – Vi i mediene har medvirket til å skape tabuet rundt selvmord, sier nyhetsredaktør.
Torsdag 6. desember 2018
Regjeringens ønske om å lage stadig større museumsenheter kan svekke det lokale engasjementet ved småmuseene. Det frykter styreleder ved veterantoget Tertitten i Sørumsand.
Onsdag 5. desember 2018
Mannlige kunstnere står for hele 94 prosent av salgsinntektene i det norske andrehåndsmarkedet. Kunstner Lotte Konow Lund mener Nasjonalmuseet må ta sin del av ansvaret.