Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om gass og arbeidsplasser i Grenland

I ein kronikk i Klassekampen 4. april kjem Hallgeir Langeland med påstandar som i beste fall er ein misforståing, i verste fall bevisst feilinformasjon. (Løgn er vel ikkje eit korrekt parlamentarisk uttrykk?) Det er ingen planer om gasskraftverk i Grenland. Det gassrøret som Stortinget ikkje sa ja til 27. mars skulle frakte råstoff til den petrokjemiske industrien i Bamble og tørrgass til energi for prosessindustrien i Porsgrunn. For prosessindustrien i Porsgrunn ville tørrgassen erstatte olje og kull og derfor føre til ei kraftig forbetring av miljøutsleppa frå desse fabrikkane. Det betyr mindre CO2, mykje mindre nitrogenoksyder (NOX) og nesten slutt på utslepp av svovel. I distriktet har det i fleire år vore eit tverrfagleg og tverrpolitisk arbeid under parola «Gass til Grenland». Det gjekk 6000 i fakkeltog i Porsgrunn 20. februar for å få gass og ei framtid til industrien, ikkje for å få gasskraftverk til Grenland! Prosessfabrikkane i Grenland er ein liten del av store internasjonale konsern. Alle fabrikkane er små i internasjonal målestokk og treng difor utviding for å overleve. Det er dette kampen står om i Grenland, at industrien og arbeidsplassane våre skal ha ei framtid. Langeland skriv: «Lønnsomheten og konkurranseevnen i tradisjonelle næringer øker ikke ved å gi kunstig åndedrett.» Det er vanskeleg å tolke dette på annan måte enn at det for Langeland er greitt at prosessindustrien i Grenland vert lagt ned. Det må han sjølvsagt meine, men det betyr at heile lokalsamfunnet vert rasert. Eit enkelt overslag viser at Bamble kommune vil miste 100 millionar i skatteinntekter dersom petrokjemien vert lagd ned. Dette er om lag 20 prosent av budsjettet for Bamble kommune! Då nyttar det lite å diskutere ved budsjettbehandlinga om renovasjonsavgifta skal gå opp med 100 kroner. Då ryk skular, barnehagar og eldreomsorg. Dette har dei kommunalt tilsette i Grenland forstått. Dei er difor aktivt med i kampen for gass til Grenland. Dersom i tillegg Hydro sin gjødselproduksjon på Herøya vert nedlagt på grunn av dyrt råstoff til ammoniakkfabrikken ryk 8000 arbeidsplassar til. (2000 direkte, 6000 indirekte). Då vert det mange billige hus å få kjøpt i Grenland! Langeland overraskar meg med å gå i mot å bruke statlege pengar til bygging av infrastruktur (gassrør). Eg har alltid trudd at den norske venstresida meiner at statleg engasjement på dette området er ein kamp mot marknadskreftene. Det er klart at det ein eller annan gong kan kome framlegg om å legge eit gasskraftverk til Grenland. Då får ein ta kampen mot dette då, ikkje legge ned heile prosessindustrien i området i redsle for at det ein gong kjem eit framlegg om gasskraftverk. Langeland sin politikk på dette området vert som i eventyret om kjærasten som skulle hente øl i kjellaren og såg ei øks over trappa. Ho vart sitjande og gråte over at eit eventuelt framtidig barn skulle verte drepen av at det fekk øksa i hovudet!leiar Nopef avd. 14 Borealis