Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Statleg kompensasjon for naturinngrep

Vi har eit stort interessegap mellom stat og kommunar når det gjeld mange av naturinngrepa i landet vårt, som fører til eit forvaltningsgap. I dag er om lag 18 prosent av landarealet verna, medan Noreg nyleg slutta seg til den globale naturavtalen der målet er at minst 30 prosent av arealet blir verna til 2030. Mange av dei arealrike kommunane i Utkant-Noreg har nedgang i næringsaktivitet og folketal og prioriterer difor ny aktivitet framfor naturvern. Og kommunane har det meste av ansvaret for arealforvaltninga i tråd med at det kommunale sjølvstyret står sterkt. Vi kan ikkje forventa at kommunane skal ta eit stort ansvar for å verne raudlista plante- og dyreartar, så det må bli staten sitt ansvar.