Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norsk black metal-historie på ein kino nær deg: Musikar og svartmetallforsker Nina Nielsen har sett «Lords of Chaos».

Importert noregshistorie

«TRUE NORWEGIAN BLACK METAL»: Filmen er endå ei overflatisk skildring i rekka av internasjonale produksjonar om den norske svartmetallscena – tidvis underhaldande, men korkje truverdig eller opplysande. FOTO: NORDISK FILM DISTRIBUSJON

Kva Hollywood-versjonen av dei mest dramatiske hendingana i norsk svartmetallhistorie fortel – og ikkje fortel – om Noreg og vårt felles sjølvbilete.

Langhåra gutar i dongerijakker, Volvo 740 på norske landevegar, NRK-hallodamer med stort hår og O’boy sjokoladepulver anno 1993. Slike bilete gir flashbacks til Noreg på 80- og 90-talet, men dette er om lag det einaste som kjenst norsk med filmen «Lords of Chaos». Den svenske regissøren Jonas Åkerlund, best kjent for å ha laga musikkvideoar for artistar som Madonna, Metallica, Rammstein, Roxette og Lady Gaga, har staka opp eit manus rundt dei mest sjokkerande hendingane i norsk svartmetallhistorie, kyrkjebrannane, drapa og konflikten mellom Varg Vikernes og Mayhem-gitarist Øystein Aarseth. Men Hollywood-filmen er ei importert norsk historie. Slik har det etter kvart vorte med black metal i Noreg, at vi ser til utlandet for å forstå fenomenet som skaka nasjonen tidleg på 90-talet.