Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kampen om ordførarmakta:

Her kan Sp ta Ap

VINNAR: Samarbeid til høgre eller venstre gjer Senterpartiet best til å kapre ordførarar. Til hausten kan dei vinne mange ordførar frå Arbeidarpartiet.

Senterpartiet vert med rette kalla ordførarpartiet. Ikkje fordi dei har flest av dei, men fordi dei har mange i høve til valresultatet. Med 8,5 prosent av røystene ved kommunevalet i 2015 fekk partiet 100 ordførar, kvar fjerde i landet. Høgre, som fekk nesten 24 prosent av røystene, enda opp med 76 ordførarar.