Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Equinor tildeler milliardkontrakt

UNDER VATN: TechnipFMC er tildelt kontrakt for produksjonsanlegg på havbotnen på Johan Sverdrup-feltet. – Dette er ein viktig milepæl i Johan Sverdrup-utbygginga. Med dette har vi på plass undervassløysinga for både første og andre fase av feltutbygginga. TechnipFMC er med dette tildelt ansvaret for begge, seier prosjektdirektør Trond Bokn for Johan Sverdrup. TechnipFMC beskriv kontraktsverdien som betydeleg, noko dei definerer som mellom 644 millionar og 2,1 milliardar kroner. Johan Sverdrup-feltet planlegg oppstart i november i år. Planlagt produksjonsstart for fase 2 er fjerde kvartal 2022. ©NPK