Statistikken for mord og sjølvmord viser store skilnader mellom ulike samfunn, og også mellom ulike regionar innanfor dei enkelte landa. I Noreg har vi ekstremt lite mord. I 2017 vart 25 personar drepne her, og fordelinga mellom kjønna var svært jamn. Femtito prosent av offera var menn, førtiåtte prosent kvinner, mens åttitre prosent av drapa vart utførte av menn. På midten av åttitalet var det nesten dobbelt så mange drap i Noreg, sjølv om landet hadde 800.000 færre innbyggjarar. Mordfrekvensen er 0,56 per 100 000 innbyggjarar.
Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.