Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rustar til kamp om innleige

BYGGJENÆRING: Fellesforbundet kursar hundrevis av tillitsvalde som skal passe på at arbeidsplassane følgjer dei nye reglane for innleigd arbeidskraft. Frå nyttår vart det forbode med såkalla nulltimarskontraktar i alle bransjar, det vil seie avtalar der tilsette i bemanningsbyrå står utan lønn mellom oppdrag. I tillegg er det no berre bedrifter bundne av ein tariffavtale som får lov å leige inn arbeidskraft i større utstrekning enn det arbeidsmiljølova normalt tillèt. – No er det opp til oss å bruke dei verktøya Stortinget har gitt oss. Vi har tilsett ein person som berre skal jobbe med dette og har kursa 400 tillitsvalde og skal kurse 1500 til, seier forbundsleiar Jørn Eggum. ©NPK