Anterselva (skiskyting) ogKnesset (politikk) representerer ei uttalefelle. For norsktalande. Uttalen av det første må ikkje verta Anters-elva. Det er skivebom. Namnet er italiensk, men var opphavleg tysk, Antholz. Tysk er enno morsmålet for mange i denne vesle fjellandsbyen som ligg i Nord-Italia, nokre kilometer frå grensa til Austerrike, og området kallast òg difor Sør-Tyrol. Det italienske namnet vart laga på 1920-talet, under fasciststyret, ved ei direkte overføring frå tysk; holz vart erstatta med selva. Som tyder skog, jamfør silva på latin. Så uttalen må lyda Anter-selva.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.