Du kan bla til neste sideBla med piltastene

STRAFFELOV: Nesten ingen blir dømt for valdtekt. Vil det hjelpa å senka straffane?

EI STRAFF SOM FORTENT

BERRE EIT SYMBOL? Jussprofessor Anne Robberstad kallar høg minstestraff for valdtekt for billig symbolpolitikk for politikarane. – Det er ein lettvint måte å visa at dei tek kvinner og barn sine rettar på alvor. Men det hjelper ikkje, om det gjer at fleire ugjerningsmenn går fri. FOTO: SIV DOLMEN Siv Dolmen

REPRISE: Høgre bles nytt liv i ein debatt med røter tilbake til 1920-talet når dei foreslår å senka minstestraffa for valdtekt.

Eit lovbrot kan nordmenn gjera seg skuldig i og nesten garantert sleppa straff. Eit brotsverk som kan påføra skuld, skam, store lidingar og sjukdom på ofra. Som skapar minne som ikkje gjev slepp. Ei handling som andre stader i verda blir brukt som våpen i krig.