TULL: Virke-direktør Ivar Horneland Kristensen har ikkje sansen for at Mette Nord gir arbeidsgivarane skulda for at EØS-motstanden i LO veks.
Administrerande direktør i Virke, Ivar Horneland Kristensen, meiner Fagforbundets leiar Mette Nord skapar eit kunstig fiendebilde når ho i laurdagens Klassekampen gir arbeidsgivarane og regjeringa skulda for at motstanden mot EØS-avtalen veks i LO.