Du kan bla til neste sideBla med piltastene

FELLES REFERANSER

Det mangetydige

Knut Løvås

Menneske er ikkje eintydige. Me må sjå på situasjonar og menneske som mangetydige og ikkje plassere kvarandre i overforenkla modellar.

Av og til når eg vaknar på benken etter ein ettermiddagslur, kan eg ei kort stund, med augo lukka, vera i villreie om kvar eg er. Så slår eg augo opp, og alt fell på plass. Eg er i eit kjent rom, arbeidsrommet mitt, og eg treng ikkje studera kvar detalj for å finna det ut. Hjernen min kjenner det att ved å samanlikna det eg ser med tidlegare synserfaringar.