Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Northug

  • Første gong eg såg langrenn på fjernsyn var i 1966 under VM i Oslo. Det var den gongen Gjermund Eggen vann gull både på 15-kilometeren og femmila. På femmila gjekk løparane to rundar kvar på 25 kilometer. Løparane forsvann inn i skogen, var vekke halvannan time, kom innom stadion og forsvann på ny. Det heile vart dekt frå eit par kameraposisjonar. Dei tre minutta kamera kvilte på Gratishaugen og reporteren spurde kvar Gjermund vart av, var perfekt stille-tv.