Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nok ei utmelding i MDG i Bergen

TEK SIN HATT OG GÅR: Det tynnast mellom toppane i MDG i Bergen. I går varsla gruppeleiar i bystyret i Bergen, Sondre Båtstrand, at han meldar seg ut or partiet. Han grunngjev utmeldinga med at det har vore krevjande å vere gruppeleiar for bystyregruppa. «Jeg føler at MDG har endret seg mye siden jeg meldte meg inn for 18 år siden. Nå vil jeg stå fritt og kan bruke all min tid på grønn politikk i Bergen bystyre.» Båtstrand er ikkje åleine om å melde seg ut. 19. mars melde bystyremedlemmene Diane Berbain og Randi Amundsen overgang til SV i lag med vararepresentantane Fredrik Sundt Breien og Janet Wiberg. GW