Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Heile verda kjenner éin nordmann.

Takk, Egil

FLAO: Den store norske kultureksporten.

Ti korte kilometer frå grensa mellom Georgia og Russland, midt i Kaukasusfjella, 2200 meter over havet, ligg ei vakker steinkyrkje. Bygd på 1300-talet, for å verna viktige religiøse artefaktar frå sonen til Djengis Khan, Kublai Khan, som herja i området. Firkanta, finslipte steinar som heilt sikkert veg kjempemykje. Det har folk slite med seg opp på fjellet. Eg veit ikkje kvar dei fann steinane, men det er no imponerande uansett. Treeiningskyrkja Gergeti. Oppe på Kazbegfjellet, 5300 meter over havet, er det endå ein liten skjulestad, i tilfelle kyrkja vart truga.