Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Leiar av Nordland Ap vil parkere striden om boring ved Lofoten, Vesterålen og Senja:

Vil la Lofoten-olja liggje

PÅ GODFOTEN MED LOFOTEN: Bjørnar Skjæran legg vekt på at folket i Lofoten sjølv vil la olja liggje når han no går inn for at Nordland Ap ikkje skal arbeide for oljeleiting i desse områda. Christopher Olssøn

KOLJE, IKKJE OLJE: Dei viktige oljefylka i Ap, Rogaland og Nordland, legg ned kampen for å leite etter olje utanfor Lofoten.

Bjørnar Skjæran er leiar av Nordland Arbeidarparti og medlem av partiets sentralstyre. Han har vore ein av dei viktigaste pådrivarane for oljeleiting utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja og var ein av arkitektane bak fjorårets landsmøtekompromiss.