Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Valdsdom, maktkamp og eksklusjonsstrid i Bergen FrpVil kaste innvandringsliberal leiar

Kaos, konflikt og kupp

GJER REINT: Leiar i Bergen Frp, Christoffer Thomsen, ønskjer å byggje tillit til partiet og fekk ekskludert den valdsdømte nestleiaren gjennom eit lynraskt kupp i mai i år. No spørst det om dei tobeinte i lokallaget har tillit til han.Foto: Rune Sævig, 8Bergens Tidende/NTB SCANPIX Rune Sævig

REKORD: Først fekk leiaren i Bergen Frp ekskludert nestleiar i lokallaget på rekordtid. Så starta kampen for å kaste leiaren.

14. mai rett før klokka ni om morgonen sende leiar i Bergen Frp, Christoffer Thomsen, ut ein e-post til styremedlemmene i lokallaget. I denne bad han om tilslutning til at vald nestleiar i Bergen Frp, Arne Gabrielsen « … fratas medlemskapet i Fremskrittpartiet f.o.m. 14.05.2018». Styremedlemmene fekk frist til klokka 16.15 same dag med å reagere.