Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I februar skreiv fylkesordføraren under på fusjonsavtalen med Troms. No kjempar ho imot:

Ap angrar på heile avtalen

INN I VARMEN: Oskar Bietilæ er fiskar i Vadsø. Han gjev fylkesordførar Ragnhild Vassvik frå Ap si fulle støtte. – Eg var så dum at eg røysta på Erna Solberg sist. Men det har jo ikkje blitt noko lettare å drive privat. Eg angrar som ein hund, seier Bietilæ. Siv Dolmen

VAR-ANGER: Ragnhild Vassvik bruker dagane på å kjempe mot ein avtale ho sjølv forhandla fram. Men ho trur framleis det kunne blitt eit lukkeleg ekteskap – på andre vilkår enn dei som finst no.

Torsdag 15. februar 2018, på Gardermoen, skreiv Ragnhild Vassvik, Aps fylkesordførar i Finnmark, under på ein avtale om samanslåing med Troms. Signeringa skjedde under oppsyn av den regjeringsoppnemnde meklaren Knut Storberget.