Gammel vane er vond å vende. Hvorfor?
Hvorfor er det så vanskelig å endre seg? Hvorfor sitter vi fast i uhensiktsmessige spor, hvorfor er vonde vaner så vonde å vende?
RASISME
Camara Lundestad Joof skulle skrive ei bok om porno, men oppdaga at ho måtte skrive om rasisme først.
Camara Christina Lundestad Joof heiter ho, og det namnet har ho brukt for alt det er verdt. Då ho ein gong fekk jobb som telefonseljar, råda sjefen henne om å presentere seg som Christina Lundestad. Det fungerte. La ho på dialekta frå fødebyen Bodø, fungerte det endå betre. Men ringde ho opp ein pakistanar, då var ho Camara Joof. Eller «Cammara Joof», som ho seier, og ler. Når ho lagar hip hop, er ho også Camara Joof.