Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fryktar sjukdommar i importert fôr

DYREFÔR: Veterinærinstituttet er bekymra for at det frå i dag, 13. juli, blir tollfritt å importere grovfôr. Dei anbefaler import frå land med likt sjukdomsbiletet som i Noreg. Jorun Jarp, beredskaps- og sikkerheitsdirektør ved Veterinærinstituttet, seier til Nationen at det vil vere tryggast å importere fôr frå Sverige og Finland, som har likast sjukdomsbiletet som Noreg. Danmark kan også vere aktuelt, men også der har dei sjukdommar som ikkje finst i Noreg. – Dei har ein salmonellasituasjon som er ugunstig, seier Jarp, som understrekar at det er viktig å ha god dokumentasjon på tilstanden til fôret ein skal importere. ©NPK