Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Talet på ungdom som får sommarjobb i bydel Grorud vert dobla frå i fjor:

Vil motivere med arbeid

AKTIVE: Elife Salihu og Radi Halabi frå Romsås har nytta sommaren til å finne på ting andre barn og unge i området kan gjere i ferien. Dei har vore innom dei fleste ballsportar i løpet av sommaren.

OSLO AUST: Over 100 ungdomar jobbar for bydel Grorud i sommar. Det syner at dei slett ikkje lever opp til inntrykket folk har av ungdomen her, meiner to av dei unge tilsette.

– Det er keisamt å berre sitte heime. Eg gidd ikkje det når eg kan tene pengar, seier Elife Salihu.