Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jakta på profitt truar fotballens utjamnande effekt. Det er på tide å ta tilbake den sosiale dimensjonen.

EIN IDRETT FOR ALLE? Pengar er ikkje det einaste ein kan investere i fotballen. Også betydeleg entusiasme leggjast ned. Her ein glad tysk fotballfan på veg til VM i Russland. FOTO: PATRICK PLEUL, AFP/NTB SCANPIX PATRICK PLEUL

«Dyr ballek» er tittelen på ein leiar signert Bendik Wold i Klassekampen 22. mai. Den viser til klasseskilnader i dagens norske fotball og nemner mellom anna at Lyn kan krevja 11.000 kroner i treningsavgift frå ein trettenåring på førstelaget. Trur ein at dette er vegen til suksess, er ein på ville vegar.