Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Verdsvend: Jan Inge Sørbøs nynorske litteraturhistorie viser at Ivar Aasens enkeltmannsføretak har blitt verkeleggjort gjennom eit kollektivt krafttak.

DET NYNORSKE SKRÅBLIKKET

LINJER: Forfattaren Jan Inge Sørbø skriv om korleis nynorske forfattarar har forma litteraturhistoria heilt frå Ivar Aasen, via blant andre Arne Garborg, til dei som skriv på nynorsk i dag, til dømes Agnes Ravatn og Olaug Nilssen. FOTO: AGNETE BRUN

Så vidt eg kan hugse, var det mormor mi som meldte meg inn i ein bokklubb då eg var liten, og som såleis sørgja for at det jamleg kom bøker – dei fleste skrivne av Astrid Lindgren – i postkassa. Sjølv om eg både las og blei lesen for om Emil, Pippi og Ronja, om brørne Løvehjarte og barna i Bakkebygrenda, var eg berre måteleg interessert i bøkene, og dagane då det kom pakke frå bokklubben kunne på ingen måte måle seg med dei dagane det kom pakke frå Boing-klubben, med harde fakta og fiktive forteljingar frå fotballverda. Først då eg var eldre, og mormor var borte, fann eg fram til bøkene, og byrja så smått å forstå kvifor ho hadde meint at dette med lesing var viktig. For min del blei det vegen til å forstå kvifor dette med språket også kunne vere viktig.