Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SV og Raudt går saman om små steg for å stoppe kommersialisering av barnehagar:

Slik skal dei ta private

LEGG PRESS: Partileiarane i Raudt og SV, Bjørnar Moxnes (t.v.) og Audun Lysbakken, vil presse resten av opposisjonen til å vere med på å avgrense kommersialiseringa av barnehagesektoren. Marthe Amanda Vannebo

SAKTE: Ingen vil vere med SV og Raudt og forby profitt i barnehagar. No går partia inn for ein treigare strategi for å dytte Ap, KrF og Sp dit dei vil.

– Å stoppe profitt på skattebetalarars og foreldres pengar, er eit enormt populært krav i folket, men berre to parti meiner det. Då slår vi kreftene saman for å prøve å presse Stortinget i riktig retning, seier Audun Lysbakken i SV.