Bondestudenten er ein djupstruktur i den nynorske litteraturhistoria, som elles er kjenneteikna av store, indre spenningar, hevdar Jan Inge Sørbø.
«Nynorsk litteraturhistorie» er den likeframme tittelen på praktboka, men gjev han meining? Finst det ei eiga nynorsk litteraturhistorie, ei som kan forsvara å skilja ut Kristofer Uppdal og Åse-Marie Nesse frå den allmenne litteraturhistoria og samla dei i ei og same bok?