Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Opplever ikkje misnøye med omorganisering:

Ser fordelar

INGEN GRUNN TIL UROING: Sjef for Felles eining for etterforsking og etterretning Grete Metlid er ikkje bekymra for dårlegare gjenginnsats frå politiet i Oslo.FOTO: VIDAR RUUD, NTB SCANPIX Ruud, Vidar

POSITIVE: Politiet vil heller sjå framover enn å hengje seg opp i korleis ting var før omorganiseringa.

Etter skyteepisodar og vald mot politi og natteramnar har fleire tidlegare polititoppar kritisert omorganiseringa i politiet som byrja i 2016. I Klassekampen 5. mai åtvara tidlegare sjef for seksjon for organisert kriminalitet Einar Aas mot ei organisering som flytta spisse seksjonar inn under ei større eining, Felles eining for etterforsking og etterretning (FEE). Han ønskte seg ein debatt i politiet.