Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skatteetatens innsats mot bakmenn har vore lågt prioritert dei siste åra, viser intern rapport:

Har latt toppane få fred

IKKJE NØGD: Skattedirektør Hans Christian Holte har ambisjon om at Skatteetaten skal bli flinkare å gå etter såkalla bakmenn som driv med arbeidslivskriminalitet. Han seier bakmennene må følgast over tid. Tom Henning Bratlie

KRITISK: Skattedirektøren innrømmer at dei i for i liten grad har gått etter bakmenn. Ei intern evaluering viser at det manglar ei felles forståing i etaten for kva ein «bakmann» er.

Rapporten «Arbeidslivskriminalitet: Evaluering av Skatteetatens kontrollinnsats rettet mot bakmenn og uttaksledd» teiknar eit bilde av at Skatteetaten over fleire år i liten grad har gått etter hovudarkitektane bak arbeidslivskriminalitet, såkalla bakmenn.