Du kan bla til neste sideBla med piltastene

LO-toppar i Bergen og Oslo mana til kamp mot knusing av fagforeiningar 1. mai:

Tilsette fekk LO-støtte

SLEIP FISK: Klubbleiar Krzysztof Jedlikowski (t.h.) og klubbmedlem Mariusz Czwornog kunne glede seg over massiv støtte i 1. mai toget medan Bård Sekkingstad vart håna.

KAMP: Forbundsleiar Jørn Eggum gav full støtte 1. mai til dei tilsette på Norse som mista jobben sin. Han skulda verksemda Sekkingstad for fagforeiningsknusing.

Jørn Eggum, leiar for det største LO-forbundet i privat sektor, tok opp kampen til dei tilsette ved Norse, både under eit føremiddagsmøte i Fjell kommune utanfor Bergen og seinare under 1. mai-toget i Bergen.