Du kan bla til neste sideBla med piltastene

2. mai i år er det 100 år sidan dei første arbeidarråda i Noreg kjempa fram normalarbeidsdagen:

Da arbeidarar tok 8-timarsdag

STO PÅ KRAVA: Demonstrasjonstog for åtterimarsdag i Glomfjord i Nordland 1918. Foto: Hans Nikolai M. Skaugvold/Nordlandsmuseet

1918: Etter 30 års kamp for åttetimarsdagen, var det mange som ikkje ville venta lenger.

2. mai 1918 vart ein svært spesiell arbeidsdag for svært mange arbeidarar i Noreg. På Thune mekaniske verksted i Kristiania høyrdest ein gjennomtrengande lyd i verkstaden akkurat da åtte timars arbeid var unnagjort. Ein av arbeidarane hadde slått med ein hammar på eit sagblad. Dét var signalet: I samla tropp forlèt dei om lag 500 arbeidarane arbeidsplassen, dei tok åttetimarsdagen, og frå og med den dagen var åttetimarsdagen innført på denne arbeidsplassen.