Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Banner med nazisymbol to stader

HØGREEKSTREME: Tre personar er melde til politiet etter at dei skal ha hengt opp flagg og banner med nazisymbol i Kristiansand. Også i Oslo vart det hengt opp banner. Politiet fekk melding frå fleire vitne om hendinga i Kristiansand tidleg i går morgon, på årsdagen for den tyske invasjonen i 1940. – Fleire banner med nazisymbol var hengde opp, blant anna i Sørlandsparken. Vidare var det hengt opp ein del løpesetlar med høgreekstreme og framandfiendtlege ytringar på ein del busstopp, seier operasjonsleiar Linn Andresen i Agder politidistrikt til NTB.©NPK