Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Naken

  • Klassekampen har så langt ikkje skrive eit ord om veggmåleriet på Nygårdshøyden i Bergen av ei naken, krossfesta Sylvi Listhaug. Denne openberre feilprioriteringa skal vi retta opp i her. Seint rett nok, sidan måleriet ikkje finst lenger, men likevel. Som journalist i Bergens Tidende hadde eg i 2004 gleda av å vere sekretær for ein jury som skulle kåre dei mektigaste i Bergen. I juryen sat mellom anna Victor Norman og Frank Aarebrot. Eg og ein kollega hadde gjort forarbeidet, snakka med eit utal kjelder, skrive ein haug med saker om dei 20 mest mektige, medan juryen rangerte dei ypparste.