- Er det svenske demokratiet i fare? Spørsmålet blir stilt av journalist Jan Scherman i dokumentarserien «Länge leve demokratin» på SVT i framkant av haustens riksdagsval hjå grannefolket. Ein NRK-artikkel summerer opp fleire av dei viktigaste funna Scherman har gjort i sitt djupdykk i folkestyret. Han fortel om korleis den store mengda truslar gjer det vanskelegare for politikarane å arbeide. Debattklimaet har blitt så hardt at politikarane synst det er vanskeleg å ytre seg. «Held det fram slik, er sjølve demokratiet truga», meiner Scherman.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Metoo-strid om FpU-nestformann
Metoo
KABAL: På FpU-landsmøtet i helga stiller dagens 1. nestformann i FpU til attval – trass i at Frp har slått fast at han har brote partiets etiske retningsliner.
Valnemnda i Framstegspartiets Ungdom (FpU) har gjort framlegg om at Andreas Brännström blir ny 1. nestformann på landsmøtet i helga. Men søndag skreiv NRK at eit mindretal i komiteen vil at dagens 1. nestformann, Kristian Eilertsen, skal få denne posisjonen.