Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I sesong

No nærmar påska seg med stormsteg, og vi tar ein kikk på årets kanskje einaste påskehefte.

I februar i år gav Vårt Land forlag ut «Stille uke», som dei kallar ‘eit påskehefte for sjela, tanken og hjartet’ på sine nettsider. «I den stille uke skjer livets drama i fortettet form», lyd det i ei formulering i leiaren. For mange kan dette vere eit godt alternativ til kvikklunsj og kyllingar og mord i Oxford. For jamvel om det er lang tradisjon for å gi ut julehefte i Noreg, er det ikkje kjent at det finst døme på andre påskehefte som dette i Noreg. – Folk les i påska også, og det er slett ikkje alle som vil ha krim, seier Åste Dokka, redaktør i forlaget, til Klassekampen, og vidare: – Påska er ei sentral kristen høgtid, som handlar om dei verkeleg store tinga: svik, venskap, død og håp. Dokka peiker på at kulturhistoria er full av verk knytte til påskeveka, og at «Stille uke» hentar inn kjende og ukjende verk frå både samtid og historie. Heftet inneheld nye tekstar av mellom andre Marie Aubert, Lars Petter Sveen, Cecilie Løveid, Olaug Nilssen. Siri Økland fortel om å døy, vi møter Giottos bibeltekstbilde, og kunstverk av Mari Slaatelid og Eli Hovdenak.