Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Acer-uro gjev overgang fra MDG til SV:

Skuldar MDG for ukultur

UTMELD: Randi Amundsen (t.h.) og Diane Berbain (t.v.) flankerer SV-gruppeleiar Oddny Miljeteig.

BYTTA: To bystyremedlemmer i Bergen melder seg ut av MDG, og partitopp i Sogn og Fjordane tel på knappane. Acer-motstand er del av grunngjevinga.

Dei to bystyremedlemene Diane Berbain og Randi Amundsen melde frå om overgangen til SV på ein pressekonferanse i Bergen i går. Her gjekk dei langt i å gje den sentrale partileiinga i Miljøpartiet Dei Grøne skulda for utmeldinga.