BARNLAUSE TIDER: Nordmenn sin samla fruktbarheit er i fritt fall. Noregs status som likestillingslandet med store barnekull, heng i ein tynn tråd.
Det finst ein lokalkjendis på Sunnmøre som ringer inn til avisa i ny og ne med sterke meiningar om kjønn og likestilling. Øystein Storeide heiter han. I eit innlegg i Sunnmørsposten slo han fast at det einaste kvinnfolk bryr seg om no til dags, er å springe rundt i dressjakke og bere stresskoffert. Dersom det er slik det skal vere, er det like greitt å vere ungkar og ete boksemat, sa han.
Kjelder: The Economist. NRK, Statistisk sentralbyrå