Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Småskular leggast ned over heile landetI gjennomsnitt vert ein skule lagd ned kvar veke

Den stille småskuleraseringa

SKULESLUTT: Det finst nedlagde skuler i alle kommunane i landet. Skulane på bileta ligg i Hordaland, Sogn og Fjordane, Troms og Finnmark. Dei er med eitt unntak nedlagde dei siste 30 åra. Tellnes skule i Fjell kommune er vedteke nedlagd, men skal stengjast frå komande skuleår, med mindre kommunestyret snur i saka. magnee

BORTE: 1500 småskular er nedlagde dei siste 30 åra. Det skjer trass i at Stortinget gjentekne gongar har bede om tiltak for å stogge nedlegginga.

Ein iskald morgon i mars kastar sola lange skuggar over den vinterferiestille skuleplassen på Tellnes i Fjell kommune i Hordaland. Om eit knapt halvår kan stilla vere permanent. For tre veker sidan gjorde kommunestyret vedtak om å leggje ned skulen frå hausten 2018.