Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forfattaren Ingmar Bergman kan læra oss ei meir fruktbar tolking «virkelighetslitteratur», hevdar ny bok:

Skapte sin sjølv-bio-grafi

SJØLVBIOGRAFI OG KUNST: «Höstsonanten» er eit av Ingmar Bergmans mest sjølvbiografiske verk. Ingrid Bergman er kunstanrens alter ego, her med medspelar Liv Ullmann.FOTO: ERIK THORBERG, NTB SCANPIX Thorberg, Erik

– Ein kan aldri lita på Ingmar Bergman, seier direktør for Stiftelsen Ingmar Bergman, Jan Holmberg. Han har skrive bok om forfattaren Bergman.

– Ingmar Bergmans hadde eit favorittsitat:«Allting föreställer, ingenting är.» Om han hadde det frå nokon eller om han hadde formulert det sjølv, er som ofte med Bergman ikkje godt å seia, men det er eit nøkkelsitat for Bergmans arbeide. Det er også ein sentral innsikt å ta med seg i møte med all «autofiksjon», altså kunst som byggjer på det verkelege livet, seier Jan Holmberg, direktør ved Stiftelsen Ingmar Bergman.