Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil ha tiltak mot trakassering

TRAKASSERING: Leiarane i alle politiske ungdomsparti har skrive brev til arrangørane av Arendalsveka der dei etterlyser tiltak mot seksuell trakassering. – Arendalsveka er ein av dei få stadane der ein møter alle frå heilt vanlege medlemmer i partiet til statsministeren. Det er mykje skeive maktforhold og stort alderspenn. Derfor er det ekstra viktig at Arendalsveka i år tar eit grep rundt seksuell trakassering, seier leiaren for Raud Ungdom, Linn-Elise Øhn Mehlen, til NRK. Leiaren for rådet i Arendalsveka, Robert Cornels Nordli, seier til statskanalen at han er glad for at ungdomspartia tar ansvar og tenkjer førebyggjande.©NPK