Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kjemper om finsk jernbane i nord

SAMFERDSEL: Både Tromsø og Kirkenes ønsker å bli endestasjon dersom finnane gjer alvor av å byggje jernbane gjennom Nord-Finland og ut til havet. Tysdag var det jernbanekonferanse i Tromsø, og ordføraren i byen var heilt samd med sin kollega i Sør-Varanger om éin ting: Jarnbanen kjem. Traseen ser dei derimot ulikt på, melder NRK. – Den kjem mellom Rovaniemi og Kirkenes, meiner Rune Rafaelsen (Ap) i Sør-Varanger. Partifelle Kristin Røymo i Tromsø meiner sporet vil gå frå Kolari til byen hennar. Finlands samferdselsminister Anne Berner vil ha vekst i Nord-Finland og har bestilt ei utgreiing om kor ein ny jernbane bør gå.©NPK