Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Slit med å etterforske koranskular

Oslo, Norway 20150601. Politihuset i Oslo. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Kallestad, Gorm

PROBLEM: Saker der norske barn er sende til koranskular i Somalia er svært vanskelege å etterforske, melder NRK. – Vi snakkar for eksempel om at foreldra med kunnskap og vilje sender barna til slike typar skular der dei blir innesperra og mishandla. Då har dei heilt klart eit medverkaransvar til vald eller anna som barnet blir utsett for, seier Janne Birgitta Stømner, som leier førebyggjande eining i Oslo politidistrikt. Det er tunge saker å etterforske. – Det er vanskeleg for oss dersom vi ikkje får kontakt med barna og dersom foreldra ikkje veit kva slags type skule det er snakk om, seier ho. Politiet har fått inn tre meldingar om at barn er på koranskular.©NPK